Dei fleste hugser nok gruppa N'Dubz, eit band som ikkje heilt klarte å erobre hjertene til folke heilt igjennom. Tulsia var eine vokalen i den gruppa, men har no gått solo og Young er første singel frå denne dama. Den havna rett inn på #1 i England i forrige veke og ligg no på #2 plass.
Dette er ei låt med mykje energi og gir god stemning både i musikkvideoen og i låta. Den fortell oss at vi er berre unge ein gong og har vibbar frå Katy Perrys Teenage Dream, sjølv om den handlar meir om kjærligheten. Tulsias har her ei låt som får deg til å gi litt blanke og leve livet litt ekstra. Eg er veldig glad i slike feel good låtar, spesielt mot sommaren når det meste skal nytast og stemninga skal vere litt ekstra. Så det var nok ikkje dumt at Tulsia gikk solo, nei :-)















